...idag forlet me Afrika. Forhaapentlegvis ikkje for siste gong. Eg har ei kjensle av at dei fleste i klassen har eit ynskje om aa reise tilbake hit. Det har i alle fall eg. Mitt inntrykk av dette kontinentet har endra seg kraftig sidan me ankom. Paa ein saerdeles positiv maate!
Den siste veka har vore noksaa annleis ennn den foerste. Safari, strikkhopp (ja, Mille: at me hoppa saman er noko eg er veldig glad for!) og rafting paa Nilen (+ ein del reising att og fram). Safari var artig. Likevel, det var kvelden rundt baalet som var det finaste paa den turen. Milliarder av stjerner og lyn paa himmelen: det var saa utruleg flott! Aldri i mitt liv har eg sett saa mange og klare stjerner paa ein gong.
Strikkhoppet til meg og Mille var ei fantastisk kul oppleving. Tandemhopp anbefalast!
Rafting... Well, eg var den einaste i klassen som ikkje hadde rafta foer. Det gjorde forsaavidt ingenting, det var kjempegoey! Aa ramle utav kunne vel opplevast som litt skremmande, men etter aa ha gjort det eit par gongar var det ikkje saa farleg likevel. Mille var vel den som ramla ut i elva flest gongar :) Det saag ut som om ho syntes det var vanvittig kjekt, med det svaere gliset ho hadde daa ho flaut med straumen.
Strikkhopp og rafting foregjekk i Uganda ( Jinja og Kampala), som faktisk var ganske annleis enn Kenya, saerskilt med tanke paa vegetasjon og ver.
Tanken paa at denne turen er over, er litt rar. Paa ein maate gler eg meg veldig til aa koma heim, men paa den andre sida er det som om me akkurat kom til Afrika, og at det er saa altfor mykje meir aa oppleve her. Det faar me vel ta att ein annan gong, for no er det berre flyturen som gjenstaar foer me er tilbake paa Lundheim, like reine og fine som alltid ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Hei! Skal sei de er tøffe!! Oda er kjempemisunneleg..... Gledar oss til du kjem til Noreg att so me kan få skravla litt. Glade i deg. (gledar oss til du kjem heim til oss)
Hei, Sol-Mari! Da virke SO gøyt da de heldt på me! Hoppa i strikk, rafting, safari, afrika folk, ALT SAMMEN! :D Her e da SNØ! Og eg glede meg te jul, hehe.. :P Men seriøst, du e so heldig! Du e so SJUKT heldig! Misunne deg nåke so SJUKT! Da virke liksom so kjekt.. Da e da sikkert og! :D Og so glede eg meg te du kjm heim, fe då ska du fetella ALT som ikkje står på bloggen! :) Tvang! ;P
Hade, savne deg veldig. <3 Glede meg te du kjem heim ! :)
Hei
Sender ei helsing frå Sandnessjøen, du er kjempetøff
Legg inn en kommentar