I dag er vår siste dag i Palestina og Israel. For min del er det veldig trist å reise frå Palestina. Folka er så utruleg hyggelege og imøtekommande! Eg har blitt veldig glad i Palestina. Alt eg har lært, alt eg har sett, har gjort eit veldig sterkt inntrykk på meg. Det er vanskeleg å å få fram alt eg tenkjer, å setje dei rette orda på det eg tenkjer, føler. Det vil mest sannsynleg kome nokre meir informative og detaljerte bloggar frå denne kanten, men eg har enno ikkje klart å ta innover meg alt. Det kan ta litt tid. Alt eg veit er at eg er ufatteleg glad for at turen vår gjekk til Midtøsten istaden for til Sri Lanka.
Tusen takk til Maria, som har vore så hjelpsom og fått til å organisere alt dette på så kort tid(saman med Tommy). Organisert turen som eg allereie kjenner at har endra meg. Konflikta mellom Palestina og Israel vil nok vere ei stor interesse, ei kampsak, for meg. Dette blir garantert ikkje min siste tur hit!
Imorgon klokka ti går bussen til Jordan. We're going to the desert.
Det blir mindre av denne tankjevekkjande typen reise frå og med no, og det er nok vel og bra. Ei veke til med så heftig program hadde nok tatt knekken på oss ^^
Klem til alle eg har heime. Snakkes snart, håpar de har det bra, både i Vaksdal og på Lundheim.
Sol.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Kjære Sol.
Tusen takk for ord til ettertanke.
God tur videre til dere alle, det er vanskelig å si noe ...kanskje er det noen ganger greit å ikke ha noe å si.
Vi satser på at resten av turen deres blir opplevelsesrik som den har vært til nå.
Hilsen fra den fredelige norske skjærgården.
Legg inn en kommentar