Paa veg til Narimirimo
Vi opnar dagen i Maralal med steikte egg og brus, Vidare lastar vi opp to jeepar med det vi skal ha med oss av toey, vatn, utstyr og folk. Bilen vi fylgjer er eldre enn sjaafoeren- Samsom, som nok har runda tredve. Turen var ein voyage fraa start til slutt. Miniantilopar spring kring den humpete vegen. Store steinar, uttoerka elver og eit bratt fjell blir tilbakelagt i vekslande fart. Framme sitt tre personar, sjaafoeren til hoegre. Paa lasteplanet staar og sitt 9 norske elevar, Mr. Councellor of Narimirimo, ei masaikvinne med eit barn paa fanget som stundom syg bryst, ein gammal mann med faa lange skarpe tenner og godt humoer, mannen til masaikvinna og ein gut heng bakpaa som vaktar bagasje og som sjekkar dekk og bil ved stopp. Landskapet er groent og er av og til tilsynelatande fruktbart. Men ser ein noeyare paa naturen er det knusktoert, mykje paa grunn av ei toerke som har vart for lenge. Dette paaverkar masaiane voldsomt daa dei lever av geiter og kyr som skal ete gras. Dette ser vi tydeleg paa masaiane som er svaert tynne. Mange faar i seg kun ein kopp te om dagen, og blod og kjoet naar slakting er paa gang. FN har utdeling av mat her, og vi passerar ei utdeling der ein kan sjaa tynne vaksne og born med store hermetiske boksar med noedrasjonar. Etter gapande og vinkande kenyanarar i ca. 5 timar naar forundringa eit klimaks naar vi kjem til Melissa sin heim i Narimirimo. Ungar tykkjer det er merkeleg med oss "mosongos" - kvitingar. Vi rutlar opp mot tunet der vi ser ei liggande gammal dame som stonnar haaplaust ut i lufta. "Is she sick?" spor Tommy. Ein mann svara laagt, og Tommy forklarar for oss; "Bestemor esje syk, hu e berre dritings."
Det blir snart moerkt, og medan vi sit paa kuskinn og supar paa tomatsuppe kjenner vi paa kroppen at no er vi langt inne i bushen. Etterkvart delar vi oss inn i grupper som skal sove i kvar si vesle hytte laga av bla. kumoek. Hytta er 1,5 meter hog og vi pressar inn 4 stk. Det er roeyklagt inne for aa holde mygg og dyr ute. Vi sovnar etterkvart med forskjellige nyfikne tilskoderar, og med lyd av geiter, kamelar, kyr og Kenya.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar