Med eit var alt annleis. Mange fargar for forbi, raudt, blaatt og kvitt. Oransje, gult og groent. Rare boblar for ut or munnen paa Susanne. "Kva er det som hende?" tenkte eg. Kvifor hadde eg ikkje vore her tidlegare? Saa kom det ein rar skapning, blaa og kvit. Knut heitte han, ei snakkeboble pipla ut av han: "Kvifor leve du saa straumlinjeforma, Arne? Aldri gaa i mot boelgjene, foel rytmen og drikk masse vatn!" Vi var paa boelgjelenge, eg og Knut. Men dette var ingen draum. Dette var eit tredje dykk i Det Indiske hav. Ein stad utanfor Hikkaduwa som er fylt med mange merkelege fiskar, skilpaddar og blekksprut. Der kan ein vere saa lenge oksygentanken tillate deg. Helst har ein lyst aa vere der lenger sidan det er saa mykje aa sjaa, men etter 45 min. maatte vi opp. Eg sa paa gjensyn til Knut, og eg haapar vi talast igjen kvar enn det maatte vere.
Helsing Arne (som har gloeymt passordet paa e-postadressa si)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar