onsdag 30. januar 2008

Mørke spådommar og bitre skjebnar....

God kveld!
Det er snø i Jerusalem. Det hender ikkje ofte. Sånn kvart sjuande år, ifølge Tommy.
På grunn av snøen er det meste stengt. Butikkar, bussar, musèar og Youtube. You name it...'
Og det får fatale fylgjer for oss nordmenn på tur... Dei med joggesko fekk det hardt. Me vart kalde og våte. Difor vart det ikkje store byvandringa.... Me besøkte dødskyrkja (kyrkje bygd på staden der Jesus enten døydde eller vart gravlagt), og spiste lunsj på eit eller anna Youth Hostel, men ellers vart det ikkje store greiene... Me hamna fort tilbake på Lutheran Guest House (staden der me bur).
Der har me tre (Eirik, Jon Cato og Sol), brukt kvelden på å spå med ein særdeles upålitelig kortstokk. Me fann ut fylgjande info:

-Eirik kjem til å leve til han blir minst 100 år. Han vil bli døv, stum og blind, og kjem av den grunn til å ta sitt eige liv. Dette etter at han har skifta kjønn.
-Jon Cato kjem til å hamne på kjøret, og bli far utan å vite om det etter ein one night's stand på syretrip. Seinare vil han bli munk, og hans son vil oppsøkje han der, til mora sin store frustrasjon.
-Sol kjem til å bli drept av sin kjære Stig. Han utfører mordet i søvne, så han kan ikkje klandrast, men blir likevel straffa. Ho kjem etter sin død til å heimsøkja Stig, som eit kåt, røykjesugent, nakent gjenferd. Ho vil i evig tid vere bitter på grunn av den grusomme hendelsa.
-Nina dannar kult med vaktmeister Trygve (No explanation required), og tar over jobben til Tommy.


Etter dette spiste me ein utsøkt middag. Nokre har gått ut, mens me (no fire), har blitt igjen for å nerde i resepsjonen.


Helsing TTT (Tre Triste Trubadurar (Eirik, JC, Sol) + Nina.


(Sol saknar Stig . Ta det med ro. Ho trur ikkje sånn på alvor at han kjem til å drepe ho. Han er tross alt ein stige, og kan ikkje gjere stor skade i søvne.)

fredag 4. januar 2008

Battle at Kruger

Safari Hollywood style. Starring: Bøffelungene, løvene, krokodillene og bøffelgjengen