onsdag 16. juli 2008

Hei igjen, og takk for meg!

Vel, no har det gått to månadar sidan me slutta på Lundheim FHS, og det er endå lengre sidan me var ute og reiste... På sett og vis kjenner eg at no er eg klar for å reise på eiga hand, at eg er "ferdig" med Lundheim og Globalt Perspektiv... Den tida er jo over, og me får den aldri att. Og det går bra. Eg trur me alle har lært mykje, og kjenner oss mykje sterkare og litt mindre forvirra enn me var i fjor sumar ^^
Men, sjølvsagt saknar eg det i blant. Det gjer me nok alle saman.
Eg saknar smila til Åsny, funderingane til Suzanne, godheten i Eirik, konspirasjonsteoriane til Alex, Sirkushesten Nina, samtalane med Jon Cato, det drøymande blikket til Mille, glimtet i augo til Tommy (som kom ekstra godt fram då han fekk sjefe rund under "checkpoint-morgonen" vår) prinsippsakane til Sten Tore og, sjølvsagt, kjærasteparet som ikkje var kjærestar =)
Me har opplevd mykje saman, har lært å kjenna kvarandre under spesielle omstendigheitar, og har knytta eit bånd oss imellom, som nok alltid vil vera der...
Eventyrlystne Åsny har jo allereie dratt ut i den store verda att, og er no på reise i Mexico og Cuba. KonspirAlex har vore med å starte ein organisasjon som skal spreie sanninga om 9/11 ;) Kva alle de andre gjer på, veit eg ikkje sikkert, men eg håpar de har det bra, og me snakkast nok igjen ein gong!

Takk for dette fantastiske året med dykk!
Eg håpar neste års elevar får det like bra som oss... (eller, nesten i alle fall^^ Tommy må jo hugse oss som den beste klassen=)

Tusen klemmar frå Sol!


Ps. dette var nok mitt siste innlegg her, men eg har altså oppretta min eigen blogg de kan gå inn og glo på om det skulle freiste. Adressa er som fylgjer:
http://sol-mari-sin.blogspot.com